Frå og med kapittel fire kjem dei didaktiske perspektiva inn. Korleis skape eit positivt læringsmiljø (språkmiljø) for nynorsk i klasserommet? Månge slår seg vrange berre dei høyrer ordet "nynorsk". Det er naturleg at elevar ikkje ynskjer å lære noko dei på førehand har etablert eit negativt forhold til, og det vil difor vere klokt å starte allereie med å hindre etableringa av negative assosiasjonar knyta til sidemålet. Det kan ein mellom anna gjere ved å introdusere nynorsken tidleg, når barna er naturleg nyfikne på språk og samanlikningar mellom desse. Ved å inkludere sidemålet i lek og rim kan ein gje barna ein positiv referanse til dei møter nynorsk seinare i ein meir systematisk og fast form.
Det er viktig for elevane si lærelyst at læraren ikkje uttrykkjer eit negativt forhold til nynorsk i sambinding med undervisninga. Elevane plukkar raskt opp slikt, og vil kunne overta førestillingar om ei keisam, vanskeleg og tvungen del av norskundervisning. Sidemålet er eit fag elevane må ha på lik linje med matematikk, og då har ein som lærar også ei plikt til å gjere det beste ut av det, for si eiga og for elevane sin skuld. Undervisninga bør vere lystprega sjølv om den er tvungen. Legg ein vekt på innhald framfor form og grammatikk, vil elevane møte språket i ei(n?) setting kor det ikkje er eit utprega "lærepress" og kor dei kan leike med språket.
Dersom ein klarar å få elevane motiverte, vil ein også få elevar som er interesserte i å lære språket. Dei vil sjå nytteverdien i han - men dei er samstundes nødt til å få hjelp til å forstå kvifor og korleis dei skal angripe "framandspråket". Å grunngje kvifor me har to skriftspråk og bakgrunnen for dette, kan gje elevane ei eiga forståing av kvifor dei må lære dette på skulen. Det kan også vere lurt å fortelje dei om fordelar ved å beherske variasjonar/endringar i språket, tospråklegheit o.l. Dette kan med fordel også informerast om til foreldre, då dei ofte har ei negativ haldning til nynorsk som "smittar" over på barna.
Konklusjonen blir med dette: nynorsk er morosamt, berre det gjerast riktig!
Til Magne/Kari-Anne: eg lurar på om avsnittet "valfridommen i nynorskrettskrivinga", som handlar om forholdet mellom hovudformer og sideformer (Askeland/Falck-Ytter, nynorsk på nytt, s.55), bortfaller no med den nye nynorsknorma? Eg tenkjer då spesielt på om det fortsatt vil vere mogleg med ei trong norm når det er jamnstilling mellom sideform og hovudform.
Til dykkar studentar anbefaler eg å nytte (øvings)resurssane på denna sida;
http://www.sprakradet.no/nb-NO/Tema/Skole/Nynorsk.nett.no/Nynorsk-ovingsrom/
Det er kanskje ikkje det mest morosame å bruke tid på (eller, eg tykjer det, men eg er ikkje korrekt skrudd saman, har ligge sjuk og har måtte gjere noko med ein viss nytteverdi...), men det er ei utruleg god øving for dykk alle. Generelt kan eg anbefale alle norskstudentar å bli vel kjend på Språkrådet sine sider.
Elles kan eg anbefale alle å sjå etter noko interessant på denna linken, http://tekstbasen.nynorsksenteret.no/index.php?&nynTXTpg=front,
då det å lese meir nynorsk generelt er ein betre måte å tilegne seg språket på enn å pugge språksystemet. Dette gjeld sjølvsagt også elevar: nynorsk litteratur er ein god måte å introdusere dei til språket på.
Til slutt eit dikt av katten Oliver.
(noko som viste seg å vere mykje meir vanskeleg å skrive enn eg hadde trudd...).
Eg hadde ikkje noko anna å gjere
Mor har lese nynorskdidaktikk denna dagen
Eg har ikkje ein gong fått nokre tur i hagen
Det får eg kvar dag, i mitt marineblå bånd
Eg har mast og mast, som ein plageånd
Det er så frykteleg kjedeleg her inne
Så rundt omkring eg begynte å spinne
Med små leker trur eg at eg er på jakt,
og eg begav meg ut på ei annleis akt
Halve forsida på artikkelsamlinga vart ete opp
Det skulle ein ikkje tru fikk plass i min pusekropp
Eg kan ikkje noko for det, eg er ukorrekt foret
Difor smakte eg på forsida, som lå der på bordet
Mor mi ble sinna og eg fikk masse skjenn
Så eg håper og trur at du er min venn
Redd meg herifra, gjem meg i din hatt
For eg er visst blitt ein stakkars innekatt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar