tysdag 11. september 2012

Refleksjonsnotatat om akademiske tekster

Kva er mine utfordringar om akademiske tekstar? Kva kan eg frå før, og kva er mine utfordringar knytta opp mot dette emnet?

Frå før av hadde eg god kjennskap til dramaturgi og korleis eg bygg opp ein tekst strukturelt. Sjølve teksten er ikkje eit problem. Mine utfordringar er hovudsakleg referanse- teknikk og reglar, og korleis ein implementerer dette i teksten.

Akademisk skriving handlar, mellom anna, om å skrive ein tekst som enkelt kan etterprøvast. Det skal vere lett å sjå kva forskning ein byggjer teksten på, og det er difor viktig at eg lærer å meistre denne delen av akademisk skriving. Økta som omhandla dette temaet ga meg ein større tryggleik om emnet, men det treng også ein meir bevisst innsats frå min side.

2 kommentarer:

  1. Eg kan sjå at du skriv blogginnlegg på nynorsk. Så BRA!Gjer du det for øvinga si skuld, eller tyder det på at du eigentleg har nynorsk som hovudmål? I så fall bør du tenkje over om du vil ha eksamen på nynorsk her på lærarskulen, for då kan det hende at du viser dokumentert kompetanse som kan gjere deg attraktiv i enkelt skulejobbar.

    Eg er glad for å lese at du hadde nytte av økta om akademisk skriving!
    Beste helsing Kari Anne

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er utelukkande for øvinga si skuld, eg er drammenser :-) Kven skal eg snakke med om det å avleggje eksamen på nynorsk?

      Slett